Dr. Hook Skrevet June 21, 2013 Rapporter Share Skrevet June 21, 2013 (endret) Sumaren er komen, og eg er heime på Sunnmøre. Eg har lagt fleire til dels håplause fiskeplanar for ferien, og dette er soga om den fyrste, og hittil einaste av dei. Om dei andre prosjekta går like bra er vel tvilsomt, men om dei gjer det, er planen at "Episode II" osb. skal sjå dagens lys i løpet av sumaren. Etter mykje strabasar med pakking, flytting, lange køyreturar til/frå Trondheim med flyttelass, og ikkje minst eit besøk til IKEA, plassen som tryllar saldo om til kvitteringar og menn om til krokryggar, var det omsider duka for årets fyrste havfisketur heime på bygda. Eg hadde tidlig i vår sagt at det hadde våre artig om vi fann att plassen der vi fekk lysing i fjor, for å sjå om den var der i år også, så kunne eg liksom seie at: "Ja.. jo, eg har ein lysingplass". Ekstra kjekt når ein finn seg slike plasssar i eigen "bakgård". Etter litt om og men vart datoen spikra til onsdag 19. juni, og vi fekk lånt oss heile to båtar av den lokale, tradisjonelle, og høgst heimesnekra varianten i tynn, levjete plast. Med på ferda var eg, Frank, Mats og Kalland, alle meir eller mindre inaktive gamle travarar frå den mildt komatøse Gatthålet Havfiskeklubb. Agnet var berre 6 semioppløyste 2010-makrellar på deling, men med litt beskjedne agn, og med surgifix til å fylle med både beingrind og innmat, skulle vi nok klare oss ei stund, og i halv 10-tida bar det avgårde utover mot havgapet, på noke så sjeldan som blikkstille sjø. På vei ut av Sande havn. Frå venstre: Kalland, meg og Mats. (Foto: Frank Sande) Med varierande motorkraft putra vi oss utover i varierande fart, og fann fort tilbake til det aktuelle området frå i fjor sumar. (Foto: Mats Voldsund Djupvik) Sjølv om det var meldt 6 m/s, var det null vind, så vi fekk ikkje den drifta vi hadde håpa på, og kunne ikkje drive over eit større område. Fyrste nedsleppet gav ingenting anna enn eit enkeltnapp, men etter at vi flytta oss eit par hundre meter, vart det full flex hos meg og Mats i raudeskuta. Kunne det være...? (Foto: Frank Sande) 4,2 kg og 5,31 kg, ny pers på meg, og ny art på Mats! (Foto: Frank Sande) I doublè med lysingpersen får eg også lusuerpers, 320 gram. (Foto: Mats Voldsund Djupvik) Kort tid etterpå får eg på ein sterk og vill fisk, og eg var sikker på at dette måtte være 6+ lysing, men som så ofte før, tok eg veldig feil, og resultatet vart ei gal brosme på 4,55kg. (Foto: Frank Sande) Etter dette går det slag i slag, og etter kvart har samtlige såpekokarar fått to lysingar kvar, altså totalt åtte, med Mats sin på 5,31 kg på topp. Kalland med sin fyrste lysing for året, og lukka auger. (Foto: Frank Sande) Mats med sin andre. (Foto: Frank Sande) Frank med ny art! (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) Dette vart til slutt persen til Frank, 3,1kg. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) Kalland med sin andre for dagen. Ukjent vekt. (Foto: Frank Sande) Frank med torskepers, 4 komma ukjent. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) I takt med at vinden tek seg opp, daffar fisket av, sjølv om vi driv over same området fleire gongar i til saman to timar. Vi flyttar oss lenger ut på ei flate, og Mats slår til med endå ein ny art. Faktisk fyrste gongen eg har sett den i fjorden. Mats med ny art. Pigghå på 1,98kg. (Foto: Sindre Bøe) Etter nye timar utan napp, set vi kursen mot land, og eg brukar 15 minutt på eit tafatt drift etter flatfisk i Sandevika, før vi gir oss for dagen. Sjølv om slutten av turen var fangstmessig laber, var målet nådd. Lysingplassen er no bekrefta, og ikkje berre slump. Neste gong blir det meir (og større) agn, og i det eg pakkar saman sakene og vendar nasen heim, kan eg tenke at "Ja.. jo, eg har ein lysingplass". Og når ein fyrst er på bygda, er framkomstmiddelet moped. På gjensyn! (Foto: Mats Voldsund Djupvik) Originalt posta her: http://nidarosiensis.blogspot.no/2013/06/the-tales-of-sunnmre-episode-i-lysing.html Endret June 26, 2013 av Dr. Hook Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
krishau2803 Skrevet June 21, 2013 Rapporter Share Skrevet June 21, 2013 Super rapport Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Sigve A Skrevet June 21, 2013 Rapporter Share Skrevet June 21, 2013 Good shit Sinder! Ps. Du e ikkje riktig fin.. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet June 22, 2013 Forfatter Rapporter Share Skrevet June 22, 2013 Kan no bekrefte at det blir ein Episode II i nær framtid. Stay tuned! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
ahamm Skrevet June 23, 2013 Rapporter Share Skrevet June 23, 2013 Genialt med egen lysingplass Det siste bildet er rett og slett genialt Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
skrekkjager Skrevet June 23, 2013 Rapporter Share Skrevet June 23, 2013 Skulle ønske JEG hadde en lysingplass! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Maritim Skrevet June 23, 2013 Rapporter Share Skrevet June 23, 2013 Lysing e en tøff fisk! Kult at plassen leverte igjen! Gleder meg til fortsettelsen Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Børre Skrevet June 24, 2013 Rapporter Share Skrevet June 24, 2013 Eg fiskar ein del Lysing i Eidsfjorden. Djupt om sommaren og grunnare på seinhausten. Kor djupt fiskar du den no og tek den på slep eller opphengar, evnt pilk? Tek den når du fiskar passivt eller aktivt? Tar den berre på botn eller tek den oppe i sjøen også? Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet June 24, 2013 Forfatter Rapporter Share Skrevet June 24, 2013 Vi fiskar med både slep og opphengarar, og fekk vel mest fisk på slepet, ca. ein meter over botnen. Dette kan jo også være fordi det var større agn på slepet enn på opphengarane. Sveivar litt opp og ned, men aldri meir enn ti meter over, og ikkje så veldig aktivt. Plassen vi driv over er ein skrent frå 70 meter og ned til ca. 120. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet June 26, 2013 Forfatter Rapporter Share Skrevet June 26, 2013 Lysing e en tøff fisk! Kult at plassen leverte igjen! Gleder meg til fortsettelsen Fortsettelse: https://www.fiskersiden.no/forum/index.php?showtopic=66309 Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.