Dr. Hook Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 (endret) Ein gong i fjor haure eg Asgeir (Arachnida) mumla nåko om Brandal. Der hadde han studert kart og funne ut at dette måtte være ein skikkeleg bruskfiskplass. Mudderbotn utanfor havna, og relativt kort distanse til store djup ute på fjorden (450m). Her såg han føre seg kor bruskfisken skulle vandre oppover om natta i søken etter næring. Havmus skulle være mogleg, samt alle andre bruskfisk? Kalland kunne også fortelle at området husar mykje breiflabb, havål og lysing. Dette var vel for godt til å være sant? Asgeir hadde ein tur dit skjølv, men etter det eg forsto så fekk han ikkje fiska noke grunna ufyseleg vær. Etter å ha studert karta skjølv, var eg ganske einig i at området såg ganske spennandes ut, og eg fekk med meg Kalland på ein kvelds/natt-tur. Denne natta var i tillegg perfekt. Årets største fullmåne, og flødande sjø som passa med natta, samt gode værmeldingar på yr.no som lova 1-2 m/s på det meste, og berre "litt" nedbør. På yr.no hadde dei til og med spesifikk værmelding for "Brandal molo", så dette kunne ikkje slå feil.På yr.no fann eg ut at Brandal òg er ein landsby i Tsjad med 0 innbyggjarar.Uansett, på fredag tok eg og Kalland turen. Bilen full av fiskeutstyr for seglande på snøføre heile veien til Brandal. Med omveien til Runde for å hente Kalland, vert dette ca. 6,47 mil. Og like langt tilbake, så dette burde være verdt det, tenkte eg for meg skjølv. I bilen på vei dit byrja forventningane å stige, og etterkvart var fantasiane på eit slikt nivå at vi fantaserte om havmus på 3 kg, pigghåstimar, skater av ymse slag, lysing, breiflabb, havål på 3 meter og håkjerring frå land. Plassen var perfekt, forholda var pefekt, dette MÅTTE bli bra! Hell yeah!Vel framme viste det seg at været ikkje stemde heeeilt overens med meldingane, og vinden minna meir om frisk bris imot land, enn 1-2 m/s frålandsvind... I tillegg var ein lyktestolpe med ein oppspent wire i vegen for den beste kasteplassen, men dette skulle ikkje stoppe oss. Klokka hadde blitt 19.45. Vi såg tegn til at folk hadde fiska her før (Fotspor og aust-europeiske ølboksar), og mens vi rigga oss opp, fekk vi besøk av ein kjekk kar:Gakk-gakk.Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98247.jpgOpprigging:Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98248.jpg"Vi leeeker ikke klubb!"Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98249.jpgEtter ein knapp time får eg fyrste føling med fisk, og jaggu *****, tilslaget sit! Jubelen står i taket, sidan vi kanskje innerst inne...rekna med endå ein total fiasko av ein tur. Kalland flirar godt og plaprar i vei om havmus og kveite og hai mens han klatrar ned på nederste steinen og nærmast vassar for å gå fisken i møte. Fisken kjem i overflata, og Kalland flirar godt når han seier: "Hahaha, ennj jævvla Branco-tåsk!" Hahaha!"For dei uinnvidde så har han tidlegare jobba so smått på eit torskeoppdrett (Branco) som ligg nokre hundre meter nord for der vi fiska. Trur dei er konkurs no. Er ikkje 100% sikker på den er oppdrett, men kanskje andre kan dømme? Alle finnane var slitt, skjølv om det ikkje viser så godt på bilete. halefinnen var mest slitt.3,04kg med pur lykke. Min fyrste fisk på ESCA var det òg.Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98250.jpgSlitt halefinne.Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98251.jpg"Slappe", kvapsete gjellelokk?Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98252.jpgJaja, det var inga rekord-mus, men vi hadde i det minste fått fisk. Ein halvtime seinare fekk Kalland ei fin lita sandflyndre, og då hadde jo begge fått fisk. Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98253.jpgKalland og ein snøkrabbe. Vart vel 3-4 slike.Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98254.jpgKl. 21.20 set Kalland i eit brøl: "HÅHÅÅÅ!! MEGA fisk!", og stonga står i bue på nytt. Fisken var vel ikkje "mega", men ei fin, dog ekstremt mager hyse. 2,22kgFullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39357/98255.jpgHer forsøkte Kalland seg med skjølvutløysaren nokre gongar, og dette vart det beste vi fekk til.Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39359/98260.jpgDeretter satte snødrevet inn, med påfølgande auke i vindstyrke, og etter dette avtok både lengda på kasta og kontakt med fisk. Når du må knuse hol i kaffien før du tar en sup, er det kaldt nok! Kalland fekk ei lita hyse til og ein småtorsk, og eg hadde på noko passe stort, som såg brunaktig, breidt og flatt ut. Vart ikkje identifisert før den falt av like i overflata, fordi vi hadde vasa sammen 3-4 stenger... Kan ha vore breiflabb, lita skate, stor flyndre eller taretroll. Dette får vi aldri vite... Her kjem nokre bilder av snødrevet:Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39359/98261.jpgKalland med fingrane i munnen for å halde varmen. Smakte vel halvsur makrell kan eg tenkje meg! Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39359/98262.jpgFullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39359/98263.jpgFullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39358/98258.jpgFurte....Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39359/98264.jpgVi lovde oss skjølve at vi skulle halde ut og fiske til vi var tomt for agn, men gav oss i 1-tida når vi ikkje fann att alt agnet...Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39358/98257.jpgFangsten, ferdig isa. Endte forsåvidt opp som tørrfisk. Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39358/98256.jpgDå fangsten vart spretta, fann vi dette i den største torsken. Tydeleg den er glad i perler og nips! Fullversjon: http://fiskevatn.no/foto/arkiv/39358/98259.jpgDå vi køyrde heim, med mine 10cm bakkeklaring i kram nysnø på 20-50 cm, fekk eg plutseleg lyst på ein annan bil. Ein bil utan bakhjulsstrekk, piggfrie dekk og automatgir. Siste strekket ut på Remøya og Runde kan ein vel seie at eg brøytte den natta. Bilen segla som eit snowboard på buken bortetter veien, og hjulbuane var stappfulle i tettpakka kram snø. Med Guds hjelp kom eg meg heilt heim, og det var først HER, i nedkjørselen heime, at eg omsider satt BOM fast! La meg klokka 3 den natta, og har ein plass i mellomtida hatt ei lita fyll som varte i 12 timar, derfor litt sein rapportskriving. Håpar nokon set pris på rapportane mine, skjølv om dei er noko fisketome, for eg likar i allefall å skrive dei, same kva utfallet blir. Endret June 19, 2013 av Dr. Hook Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
JohanM Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Finnes tydligvis ikke dårlig vær nei Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Even A Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Takk for flott rapport, dette var tøft gutsa og ikkje heilt utan fangst. Fortsett med å skriva rapporter, for dette har du draget på! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Edvard Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Knall rapport Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Chironomus Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Fin rapport! De må vera nøgd med dei fiskane tykkjer eg , Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
beerbellybob Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Bra rapport, og relativt tøft å holde ut i snøkavet. Bra det kommer litt rapporter fra M & R også, ser for lite til dem. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Millionas Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Genialt..Godt å sjå at du he varmedressen din enda fra reke tida. Min eine fikk seg ein ny tur, da med min yngre bror på artic swan. Kvalitet for livet Du må rope ut om du kjem over fjorden, da skal eg hive meg med. Stol ikkje på yr.no, sjå heller ut av kjøkken glaset God rapport og ingen blanking. Ein vellykka tur. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet January 31, 2010 Forfatter Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Genialt..Godt å sjå at du he varmedressen din enda fra reke tida. Min eine fikk seg ein ny tur, da med min yngre bror på artic swan. Kvalitet for livet Du må rope ut om du kjem over fjorden, da skal eg hive meg med. Stol ikkje på yr.no, sjå heller ut av kjøkken glaset God rapport og ingen blanking. Ein vellykka tur. Dressen er god den! Perre synd at glidelåsen til luftinga under høgre armhole har kilt seg i open posisjon. Eg har aldri fråse så mykje under høgre armhole før! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arachnida Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Imponerande at dokke haldt ut so lenge. Virka som yr.no ikkje heilt har taket på meldingane her på sunnmøre. Såg kjekt ut uansett vær og føreforhold. Håpar det passa slik at eg kan være med neste gong. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet January 31, 2010 Forfatter Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Håpar det passa slik at eg kan være med neste gong. Det gjeld å prioritere veit du! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Hunter Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Respekt for å holde ut i det ufyselige været. Flott rapport. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Joost.L Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Fin rapport og fisk... Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
don don Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Vikinger Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest StadJon Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Bra at dere i det minste ikke blanka. Artig rapport! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet January 31, 2010 Forfatter Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Nokon som tør tippe om torsken er oppdrett? Finnane verka ganske slitte, men no i ettertid syns eg kanskje fisken verkar for "fin" ellers til å være oppdrett?... Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Chironomus Skrevet January 31, 2010 Rapporter Share Skrevet January 31, 2010 Vanskelig å tippe. Finnene kan jo vekse ut att, og dersom den har vore på rømmen lenge kan det vera vanskelig å sjå . Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Bunker Skrevet February 1, 2010 Rapporter Share Skrevet February 1, 2010 Fin torsk og hyse. Bra vær, og hørtes ut som spennende kjøretur. Antar du hadde spade i bilen. Det kan fort vise seg verdt investeringa i disse måneder. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Martins Skrevet February 1, 2010 Rapporter Share Skrevet February 1, 2010 Hehe jeg blir alltid i godt humør av rapportene dine. Godt og morsomt skrevet. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gimbo Skrevet February 1, 2010 Rapporter Share Skrevet February 1, 2010 Nå kjenner jeg at tiltakslysten når det gjelder fisking begynner å komme. Går fremdeles og venter på at kompisen skal ta mot til seg og sette ut nybåten. Så da får jeg heller meite til så skjer. Og med nyinnkjøpt regatta flytedress, og med varm tovalue, forsvarets ullvotter med tilhørende vindvotter samt fotposer fra samme etat...burde faktsik ikke de knappe 10 kuldegradene vi har hatt i det siste stoppe meg! Og mens jeg venter på sjøsetting så man får prøvd den nye båtstanga har min mor lovet å strikke gode gammeldagse sjyvotta til kalde fingre på havet, mot lovnad om fersk fisk...så her er det bare å stå på! Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
torrybra Skrevet February 1, 2010 Rapporter Share Skrevet February 1, 2010 Fin fin rapport ja. Ser ut som dere hadde det moro tross alt. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dr. Hook Skrevet February 1, 2010 Forfatter Rapporter Share Skrevet February 1, 2010 Antar du hadde spade i bilen. Det kan fort vise seg verdt investeringa i disse måneder. Har ikkje spade, men har øks! Veit ikkje heilt kvifor, eit impulskjøp, var så fin og raud i fargen, låg godt i handa. Ligg enno ubrukt i bagasjeromet. Svar på innlegget Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.